About this role
Vil du bli vår nye sjukepleiar i heimebasert omsorg?Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar.Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar som ønskjer å bli ein del av teamet vårt i heimebasert omsorg i Sykkylven kommune.I heimebasert omsorg møter du menneske i ulike livssituasjonar og får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Vi arbeider for at innbyggjarane våre skal kunne bu trygt og godt i eigen heim så lenge som mogleg. Som sjukepleiar hos oss får du bruke breidda i sjukepleiarfaget, samtidig som du får stor grad av sjølvstende og ansvar.Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer, der samarbeid med pasientar og pårørande står sentralt. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og motivert for å halde deg fagleg oppdatert, og som ønskjer å bidra til utvikling av tenesta.Heimetenestene held til i nye, moderne lokale saman med legetenestene og avdeling psykisk helse og rus, noko som legg til rette for tett samarbeid og fagleg utvikling.Kom å bli med i gjengen vår!