About this role
Vi har no ledig 100 % vikariat ved korttids- og rehabiliteringsavdelinga på BUAS i Sykkylven. Hos oss får du arbeide med akutte observasjonar, rehabilitering, palliasjon og medisinsk oppfølging i tett samarbeid med lege, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.Vi er ei avdeling med 14 plassar, inkludert ein KAD-plass, eit rom til palliasjon og ein avlastningsplass. Hos oss arbeider sjukepleiarar tett saman med helsefagarbeidarar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.Som sjukepleiar hos oss får du:✅ varierte og fagleg interessante arbeidsdagar✅ høve til å utvikle kliniske ferdigheiter og fagleg tryggleik✅ stort handlingsrom og sjølvstende i eigen arbeidskvardag✅ gode kollegaer som støttar og lærer av kvarandre✅ eit arbeidsmiljø prega av humor, engasjement og samarbeidVi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje. Dersom vi ikkje får kvalifiserte sjukepleiarsøkarar, kan autoriserte helsefagarbeidarar bli vurderte for stillinga. Sjå meir av den kjekke arbeidskvardagen på instagram-kontoen vår her: https://www.instagram.com/korttids_rehab_sykkylven?igsh=bW1yZDhxYnJnZmZu