About this role
Medisinsk avdeling omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Avdelinga er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresjukdomar, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi, hematologi og geriatri.Gastroenterologi er organisert i avdeling for gastroenterologi og nefrologi. Avdelinga disponerer 10 sengeplassar, fordelt mellom gastroenterologiske og nefrologiske pasientar. I 2027 flyttar sengeposten inn i nytt sjukehusbygg, der gastroenterologi, nefrologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin blir samla i ein ny og framtidsretta sengepost. I 2028 flyttar poliklinikken inn i nyrenoverte og utvida lokale, noko som vil gi både betre fasilitetar og auka kapasitet.Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk gastroenterolog som ønskjer å bli ein del av teamet vårt. Stillinga omfattar arbeid både ved sengepost og gastroenterologisk poliklinikk, der ein utfører gastroskopi, koloskopi, pH-manometri, mage-tarm poliklinikk, hepatitt poliklinikk, IBD poliklinikk, endoskopisk ultralyd, ultralyd abdomen, kapselendoskopi m.m. I samarbeid med gastrokirurgisk avdeling blir det òg utført ERC, stentbehandling og fjerning av store polypper. Behovet for endoskopisk kompetanse er aukande, og stillinga gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering.Du blir del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse, gode samarbeidsrelasjonar og fokus på kvalitet i pasientbehandlinga.