About this role
Alderspsykiatri SNR har vi ledig stilling som spesialsjukepleiar. Vi søkjer ein engasjert spesialsjukepleiar som er oppteken av høg fagleg kvalitet og har gode evner til samarbeid. Du må like å arbeide sjølvstendig og i team.Vi ønskjer ein medarbeidar som bidrar aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må kjenne eigne styrkar og begrensingar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe dine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevjande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og består av både ein sengepost og ein poliklinikk. I poliklinikken tar vi både imot pasientar til time ved sjukehuset, og vi har ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal. Ved Alderspsykiatri SNR gir vi utgreiing- og behandlingstilbod innan målgruppene: Personar med alvorleg psykisk liding, som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre) Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD) Utgreiing av kognitiv svikt Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov. Jobben vil i tillegg til utgreiing og behandling også innebere miljøtiltak, oppfølging av pårørande og rettleiing til fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med dei aktuelle kommunale tenestene. Arbeidsstad er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv.