About this role
Vil du vere med og utvikle korleis teknologi og helsedata blir brukte i morgondagens helseteneste?Helse Fonna har etablert ei ny og spennande avdeling for Teknologi og dataflyt, og vi søkjer no ein dyktig og engasjert systemansvarleg til eininga IKT og helsedata.Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at systema våre fungerer godt, blir vidareutvikla og støttar behova i ei moderne helseteneste. Du vil arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, fag og menneske – og bidra til at dei tilsette har gode digitale verktøy, og at helsedata kan brukast på ein trygg og effektiv måte.Ei ny avdeling – med store moglegheiterTeknologi og dataflyt er ei nyoppretta avdeling med ansvar for viktige område innan teknologi, medisinsk-teknisk utstyr, helsedata og dataflyt.Eininga IKT og helsedata har eit særleg ansvar for å forvalte og vidareutvikle system og løysingar som handterer helsedata. Vi samarbeider tett med fagmiljøa i Helse Fonna, Helse Vest IKT og andre samarbeidspartnarar i helsetenesta.Vi er i ein fase der både arbeidsformer, teknologi og organisering er under utvikling. Det betyr at du får høve til å påverke korleis vi arbeider – ikkje berre forvalte det som allereie finst.