About this role
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din?Vi har ledig fast 100 % stilling for lege i spesialisering ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.12.2026.Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell. Vi søkjer no ein engasjert LIS som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal.Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling. Som LIS hos oss vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin, brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk, samt moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB.Vi ønskjer oss ein lege som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar.Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg.