Now hiring

Psykolog @ Helse Møre og Romsdal HF

MoldeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på laget vårt?Vi har no ei ledig stilling i seksjonen vår. Vikariatet er på seks månader, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Vi søkjer ein kollega som er interessert i og engasjert for pasientar med psykiske lidingar.Stillinga er knytt til eitt av allmennteama våre. Teamet tilbyr utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar hos pasientar med rett til behandling i spesialisthelsetenesta. I tillegg til å arbeide i eit tverrfagleg samansett team, vil du få moglegheit til å knyte deg til ulike kompetansegrupper innan traume, nevropsykologi, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Stillinga vil òg vere knytt til oppstart av eit tilbod om e-behandling ved poliklinikken.Klinikk for psykisk helse og rus består av fem avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde høyrer til Avdeling for distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er organisert i fleire team: to allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkjande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit firedagarsteam (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.Poliklinikken har over 50 fagstillingar, mellom anna overlegar i psykiatri, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, spesialergoterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.Vi legg stor vekt på teamarbeid, godt samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores