About this role
TkVestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilviste frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.Spesialistklinikken ved TkVestland i Årstadveien 19 har ti moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi om lag 50 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde. TkVestland søkjer no ein spesialist i oral kirurgi og oral medisin til eit 50 % vikariat fram til 31. august 2027.