About this role
Dokumentsenteret arbeider med det daglege og løpande dokumentasjonsarbeidet i Vestland fylkeskommune, og legg til rette for god journalføring- og arkiveringspraksis i heile organisasjonen. Vi driv også med rettleiing og støtte til fagavdelingane. Vi har no ledig ei fast stilling med kontorstad i våre moderne og funksjonelle lokale på Leikanger. Som medarbeidar i dokumentsenteret blir du del av eit stort fagmiljø, og du får bidra til openheit, kvalitet og tillit i den fylkeskommunale forvaltninga.Dokumentsenteret er i utvikling, og vi arbeider kontinuerleg med å tilpasse oss nye behov, teknologi og arbeidsmåtar. Hos oss får du derfor ein variert arbeidskvardag, der du både bidreg i den daglege drifta og får vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, omstillingsdyktig og som trivst med å finne gode løysingar saman med andre.Dersom du trivst med systematisk arbeid, har auge for kvalitet og ønskjer å bidra til ei profesjonell forvaltning, kan det vere nettopp deg vi er på leit etter – enten du er nyutdanna eller erfaren. Stillinga er ledig omgåande.