About this role
Gynekologisk poliklinikk lyser ut 100% fast stilling for Ultralydjordmor/jordmor. Vi ønsker deg som har vidareutdanning i ultralyddiagnostikk for jordmødre, og vi har fokus på gode pasientmøter, fagleg dyktigheit og engasjement. Ultralyd jordmor har eit utvida og heilheitleg ansvar. Hen gir helsehjelp gjennom samtalar og oppfølging til gravide kvinna, samt at ein tar medisinske målingar med ultralyden for å overvåke fosteret si utvikling, vurdere svangerskapet si framdrift og identifisere eventuelle komplikasjonar.Jordmor med ønske om vidareutdanning kan og søke og vere aktuell for stillinga. Har du allereie søkt, eller har ønske om å søke på utdanninga kan arbeidsgjevar vurdere å dekke utdanning, og dette vil innebære bindingstid på 24 mnd hos oss. Stillinga kan verte ei kombinert stilling med føde og barsel. Ved intern omrokkering kan anna stilling som jordmor verte ledig. Om utdanninga:Vidareutdanning innan ultralyddiagnostikk for jordmødre, har studiestart i januar 2027. Videreutdanninga blir gjennomført som modulbasert heiltidsstudium ved NTNU i Trondheim og vare i to semester, tilsvarande 60 studiepoeng. Utdanninga sitt hovudmål er at du skal: Inneha kompetanse i obstetrisk ultralyd i svangerskapets første, andre og tredje trimesterKunne framstille kvalitativt gode ultralydbilder som til sammen utgjere ein fullstendig ultralydundersøkelseUtøve ei samla omsorg ovanfor den gravide og hennar partner gjennom heile svangerskapetAnvende ultralyd som verktøy i svangerskapsomsorga som eit bidrag til helsefremmande og forebyggende arbeidStudiet er inndelt i tre moduler:Modul IVarigheit er 17 veker.I modulen tilegnes basal kunnskap om obstetrisk ultralyd i svangerskapet, i hovudsak andre og tredje trimester. Dette oppnås gjennom både teoretisk undervising og praktisk øvelseDei første ni veker: Teoretisk og praktisk undervising både i Trondheim og ved studentane sin arbeidsstad. Det gis opplæring i basal obstetrisk ultralyd og prinsippa bak sonografisk bildeframstilling. Den teoretiske undervisinga foregår parallelt med praksisDe neste sju veker: Ultralydpraksis saman med rettleiar på arbeidsstadenDen siste veka: Digital evaluering med kontaktlærarModul IIVarigheit 16 veker.I Modul II utøver studenten ultralydundersøking, hovudsakeleg i andre og tredje trimester, med rettleiar tilgjengeleg på arbeidsstaden. Modulen brukes til mengdetrening for vidareutvikling av praktiske ferdigheiter og skriftlige arbeidskrav. I juni samlast studentane gruppevis til praktisk undervising i Trondheim med fokus på fosterhjertet.Modul IIIVarigheit 14 veker.Modul III startar med tre veker undervising i Trondheim. Det gis teoretisk undervising om første trimester ultralyd og avvikande tilstandar og patologi som krev ekstra oppfølging. I tillegg gis både teoretisk og praktisk undervising i fargedoppler ved fosterhjerteundersøking. Mengdetrening innanfor første trimester ultralyd oppøves i praksis på heimstad.Heimearbeid og eksamen Dersom dette ser spennande ut gleder vi oss til en søknad frå deg!