About this role
Er du oppteken av GIS, digitale kartløysingar og samfunnsutvikling? Har du lyst til å vere med å utvikle løysingar som blir brukte av både kommunar, fagmiljø og politikarar når viktige avgjerder skal bli tatt?Vestland fylkeskommune søkjer ein GIS-rådgivar til eit vikariat i 2 år. Du blir ein del av eit av dei sterkaste GIS- og analysemiljøa i offentleg sektor, der vi kombinerer moderne teknologi med analyse, innovasjon og samfunnsutvikling.Dette er ikkje ei rein driftsstilling. Hjå oss får du vere med å utvikle nye løysingar, utforske ny teknologi og omsetje data til kunnskap som bidreg til betre avgjersle.