About this role
Vi har ledig 100 % vikariat som jordmor med ultralydkompetanse, med moglegheit for fast tilsetjing. 30 % av stillinga er tiltenkt ordinært arbeid som jordmor i avdelinga. Dette er ei spennande og allsidig stilling. Jordmor vil i houvdsak utføre sjølvstendige ultralydundersøkingar med 1. trimester-UL, rutine-UL i 2. trimester og seinare kontrollar av vekst, placenta, doppler etc. Vi har legar med ultralydkomptentanse, som ein vil samarbeide med ved behov. Legar utfører også nokon av dei rutinemessige ultralydane. UL-poliklinikken er lokalisert inne på fødeavdelinga. Avdelinga vår gir tilbod til gravide, fødande, barselkvinner og gynekologiske pasientar i vårt distrikt. Seksjonen vår har omlag 450-500 fødslar årleg. Vi selekterer kvinner til fødsel hos oss utifrå gitte kriterier, og samarbeider tett med seksjonen i Ålesund. Dersom søker har behov for særskilt tilrettelegging mtp. bustad, reise og arbeidstider ønsker vi å gå i dialog vedrørande dette. Vi er også opne for redusert stillingsbrøk ifht utlysinga.