About this role
Vi søkjer etter 100% vikar for fysioterapeut med kompetanse og interesse for helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande arbeid. Tenesta har i dag fem fysioterapeutar og 2 ergoterapeutar i tillegg til avdelingsleiar, og er samlokalisert i Kompetanseparken i Brattvåg sentrum. Tenesteområdet er ein del av kommunalområde Livsløp, der fleire tenester er samla. Alle tenestene er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggjarar. Livsløp består av tenestene Ergoterapi, fysioterapi og lege, helsestasjon og jordmor, Pedagogisk fagsenter, Psykisk helse, rus og ressursbase, Flyktning, Barnevern, NAV - kommune. I Haram kommune er gode, heilskapelege tenester i fokus. Vi legg vekt på å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape eit robust tilbod for innbyggjarar og næringsliv.