About this role
Kjenn pulsen på Nordfjord - bli ein del av oss på Nordfjord legevakt!Likar du at ingen dagar er like? At du kan gjere ein forskjell når det gjeld som mest? Er du sjukepleiar eller paramedisinar som trivst i akutte situasjonar og når kompetansen din kjem til nytte? Interkommunale helsetenester (IKHT) i Nordfjord er ein del av akuttberedskapen i Nordfjord, og dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (gamle Vågsøy kommune), med til saman 22 500 innbyggjarar. Stad kommune er vertskommunen for Nordfjord legevakt, og er lokalisert ved Nordfjord sjukehus. Interkommunale helsetenester:Legevaktformidling 116117LegevaktØyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD) På IKHT jobbar du tett saman med lege, sjukepleiar og anna helsepersonell.Interkommunale helsetenester har ledig:Ei 82 % stilling der 40 % er fast stilling og 42% er vikariat inkludert 10 % frie timar, frå 20.09.26 til 20.08.27. Stillinga har tredelt turnus, og arbeid på to av sju helgar med langvakter.Eit 25 % vikariat helg frå oktober 2026 til 08.08.27 Er du ute etter faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personleg utvikling? Då er dette jobben for deg!