About this role
Vi har ledig fast stilling som ergoterapeut hos oss. Har du lyst å vere med på laget vårt? Søk då vel!Stillinga som ergoterapeut er knytt til Habilitering for Vaksne (HAVO) og inneber klinisk arbeid retta mot pasientar i Habilitering si målgruppe. Habiliteringsavdelinga er organisert under medisinsk klinikk og består av Habilitering barn og unge (HABU), Habilitering vaksne (HAVO) og Lærings- og meistringssenteret. Avdelinga sine lokaler er for tida lokalisert på Raglamyr.Habilitering for Vaksne har 10 fagstillingar. Målgruppa er menneske med medfødt eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Problema er ofte samansette; dette krev tett samarbeid innad i spesialisthelsetenesta, mellom fagområde/team i avdelinga og mellom 1. og 2. linjetenesta.Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant.