About this role
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus er ei spennande og aktiv avdeling, som har ca. 1200 fødslar pr år. Vi søkjer sjukepleiarstudentar som ønskjer verdifull erfaring innan føde- og barselomsorg. Som tilkallingsvikar vil du bidra i den daglege drifta saman med jordmødrer, barnepleiarar og sjukepleiarar, og få moglegheit til å utvikle kompetanse innan kvinne- og barnehelse.Det kan være aktuelt med arbeid på helg, i ferieperioder, samt høve for ekstravakter utover dette.Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!