About this role
Vil du bli ein del av vårt flotte team? Eining for omsorg har ledig ei 100% fast stilling for helsefagarbeidar.Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente. Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta.Stillinga høyrar hovudsakleg til inne på Åseralsheimen, men dette behovet kan bli endra.For tida er det tredelt turnus med arbeid 3. kvar helg.