About this role
Vil du vere med og skape ein god møteplass for ungdom?Vi har ledig ei 20 % stilling knytt til ungdomsklubben og UKM.Åseral ungdomsklubb er organisert under eining for kultur. Dette er eit fritidstilbod for barn og unge i alderen 13-18 år. Det er klubbkveld kvar onsdag frå 17:00-21:30, og følger skuleruta.Ungdomsklubben har eigne lokale i kjellaren i Åseral næringshus, "Bankkjellaren".Stillinga inngår i eit team på tre personar som skal arbeide med planlegging, koordinering og utvikling av ungdomstilbodet, inkludert samarbeid med ungdomsrådet. Vi ser etter ein engasjert og trygg vaksenperson som ønsker å bidra til eit inkluderande og godt miljø for ungdom