About this role
Vil du bli spesialist i eit fagfelt der du får bruke heile den medisinske kompetansen din? Vi har ledig fast 100 % stilling for lege i spesialisering ved Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Ålesund behandlingssenter, frå 01.12.2026. Rus- og avhengigheitsmedisin er eit spennande fagområde i skjæringspunktet mellom rusmedisin, somatikk og psykiatri. Hos oss får du jobbe tett på pasientar med samansette problemstillingar, i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og eit felles engasjement for å gjere ein forskjell. Vi søkjer no ein engasjert LIS som ønskjer å utvikle seg innan rus- og avhengigheitsmedisin og vere med på å vidareutvikle behandlingstilbodet vårt ved Avdeling TSB i Møre og Romsdal. Ved Avdeling TSB i Helse Møre og Romsdal HF gir vi utgreiing og behandling til personar over 18 år med rus- og avhengigheitsutfordringar, samt støtte og oppfølging til deira pårørande. Tilbodet omfattar avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk behandling. Som LIS hos oss vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus- og avhengigheitsmedisin, brei klinisk erfaring innan både rusmedisin, psykiatri og somatikk, samt moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas behandlingstilbod innan TSB. Vi ønskjer oss ein lege som er fagleg nysgjerrig, engasjert i pasientgruppa og som trivst med samarbeid på tvers av profesjonar. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi ser fram til å høyre frå deg. Arbeidsoppgåver Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m. Tverrfagleg samarbeid Deltaking i avdelinga si vaktordning Undervisning Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Tett rettleiing frå erfarne overlegar Variert, utfordrande og lærerik teneste i eit inkluderande og kompetent tverrfagleg miljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonSiri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5177129636 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal