Now hiring

Helgestilling @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND BEHANDLINGSSENTER

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig fast helgestilling - 21% og 26,4% med arbeid annankvar helg. Avdeling for TSB Ålesund gir tverrfaglig behandling av rusavhengige over 18 år. Avrusning har 14 døgnplassar, inkludert 4 akuttplassar. Her jobbar eit breitt fagmiljø med legar, sosionomar, vernepleiarar, sjukepleiarar og annan kompetanse. Vi søkjer sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar. student – eller andre med relevant erfaring. Oppstart etter avtale Arbeidsoppgåver Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar og praktiske oppgåver Ut frå kvalifikasjonar kan ein få andre arbeidsoppgåver, t.d medikamenthandtering Kvalifikasjonar Ønskeleg med helse/sosialfagleg utdanning, eller er student innan desse retningane Andre med relevant erfaring kan også bli vurdert for stillinga God munnleg og skriftleg framstillingsevne, og må kunne kommunisere tydeleg Førarkort klasse B, med manuelt gir Personlege eigenskapar Du er fleksibel, engasjert og med godt humør Du har evne til å samarbeide på tvers av faggrupper Du har gode evner til relasjonsbygging Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonAstrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70171389 Line Olaisen, Teamkoordinator, +47 70171334, [email protected] ArbeidsstadVestmoa 27 6018 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5152350742 Stillingsprosent: 26,4, 21,1% Helgevakt Søknadsfrist: 09.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores