About this role
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester? Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp. ArbeidsoppgåverFagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelinga Leie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutviklingKvalifikasjonarRelevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag Leiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg God innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverk Gode digitale ferdigheiter God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskPersonlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Er ein tydeleg og inkluderande leiar Har evne til å motivere og skape engasjement Er strukturert og handterer ein travel kvardag godt Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Er løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ei spennande og meiningsfull leiarstilling Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar Gode pensjons- og forsikringsordningar Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg. KontaktinformasjonHannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619, [email protected] ArbeidsstadTreungvegen 398 3855 Treungen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5180564865 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nissedal – der gode liv levast Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt. Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast. Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25. Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav. Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.