Now hiring

Psykolog @ HELSEFREMMENDE OG FOREBYGGENDE ARBEID

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å forme framtidas psykiske helsetenester for barn og unge? Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk psykolog som ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje tilbodet til barn, ungdom (13-20 år) og familiar gjennom tidleg innsats, helsefremjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Det vil vere tett samarbeid med leier, øvrige i avdelinga og relevante andre innanfor oppvekst og helse i kommunen. Som psykolog ved Ung Arena får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit lågterskeltilbod for barn og unge, der samskaping, medverknad og samarbeid står sentralt. Arbeidsoppgåver Kartlegging, vurdering, utgreiing og behandling i tråd med Helsedirektoratets krav til kommunane Samtalar med barn, ungdom og familiar Helsefremjande og førebyggjande arbeid på system- og individnivå Rettleiing av kollegaer og samskaping med fagpersonar, studentar, erfaringskonsulentar, frivillige og andre Deltaking i tverrfaglege team, som t.d. konsultasjonsteam Samarbeid med kommunale og interkommunale hjelpetenester, mellom anna helse- og omsorgstenester, barnevern, skulane, pedagogisk-psykologisk teneste og NAV Samarbeid med spesialisthelsetenesta Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som psykolog God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk God digital kompetanse Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Ønska kompetanse Erfaring frå arbeid med barn og ungdom Erfaring med førebyggjande og helsefremjande arbeid, gjerne utviklingsarbeid Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenester Søkjar bør kunne meistre begge målformer Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om helse- og omsorgstenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stillinga. Førarkort kl. B Personlege eigenskapar Engasjert i fagutvikling, førebyggjande og helsefremjande arbeid Trygg, tillitvekkjande og relasjonssterk i møte med barn og ungdom Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTrond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742 ArbeidsstadGamleveg 44 3802 BØ I TELEMARK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5178558101 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores