About this role
Brenn du for å gi gravide og familiane deira ei trygg, heilskapleg og omsorgsfull oppfølging gjennom svangerskapet? Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk jordmor med fokus på kvalitet, førebygging, tidleg innsats og eit ønskje om å delta i tverrfagleg samarbeid. Arbeidsoppgåver Svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale faglege retningslinjer Heimebesøk til barselkvinner og nyfødde etter fødsel Etterkontroll med rettleiing om prevensjon, inkludert innsetjing av langtidsverkande reversibel prevensjon (LARC) Foreldreførebuande kurs i samarbeid med helsesjukepleiar Tverrfagleg samarbeid med andre tenester Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Autorisasjon som jordmor (mastergrad eller vidareutdanning i jordmorfag) Norsk autorisasjon som helsepersonell Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner God skriftleg og munnleg framstillingsevne Ønskt kompetanse Erfaring frå svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg er ønskjeleg Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Fagleg trygg og engasjert Relasjonssterk og tillitvekkjande Sjølvstendig og strukturert Fleksibel og løysingsorientert Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Personlege eigenskapar vektleggast. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTrond Garborg, Avd. leiar, +47 99206742 ArbeidsstadGamleveg 44 3802 BØ I TELEMARK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5141935753 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.