About this role
Bø sjukeheim – avdeling Løvlund Avdeling Løvlund har fire avdelingar ved Bø sjukeheim, og har spesialisert seg på omsorg og pleie for personar med demens. Me tilbyr ein arbeidsplass med faglege utfordringar, der tverrfagleg samarbeid, høg kompetanse, pasienttryggleik og kontinuerleg kvalitetsutvikling står i sentrum. Hos oss får du høve til å bidra i eit meiningsfylt arbeid, saman med engasjerte kollegaer i eit godt og støttande arbeidsmiljø. Me søkjer deg som ønskjer å gjere ein forskjell – kvar einaste dag. 2 helgestillingar er med med langvakter annakvar helg, og ei stilling med ordinære vakter kvar 3. helg. Høyrest dette spennande ut? Då ynskjer me deg hjarteleg velkommen som søkjar! Arbeidsoppgåver Utøve pleie og miljøterapi til avdelingas pasientar. Journalføring og dokumentasjon. Legemiddel handtering Praktiske oppgåver Må kunne vurdera akutte situasjonar, og dessutan ta raske avgjerder ved behov. Må kunne handtera åtferd som er utfordrande og tiltak etter kap.4A. Utvikle og jobbe i fagadministrative system (Profil, Compilo) Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå) Ønska kompetanse Autorisert helsefagarbeider eller under utdanning til å bli helsefagarbeider. Erfaring frå arbeid med personar med demenssjukdom, miljørettet arbeid og åtferd som utfordrar er ønskjeleg. God kjennskap til bruk av data som verktøy jmf dokumentasjonsplikta Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Tolmodig og engasjert i behovet til pasienten. Faglig dyktig og engasjert. Evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig. Fleksibel og omstillingsdyktig. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju. KontaktinformasjonLeslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707 ArbeidsstadGamleveg 43 3802 Bø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5171415850 Stillingsprosent: 44, 17,25, 41,26% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.