About this role
Ledig fast stilling i 100% som Seksjonsleiar ved kirurgisk klinikk post 3. Kirurgisk klinikk post 3 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi og tar hand om pasientar med sjukdommar i mage og tarm. Posten har 20 senger og rundt 38 årsverk, med ca 60 tilsette. Kjenneteikn ved posten er at den har både elektive og akutte pasientar, der mange er alvorleg sjuke. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for flere av våre diagnosar. De tilsette i posten består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar med jamt over høg kompetanse. Personalet er aktive, har godt humør og er løysingsorienterte. Einingsleiar har ein assisterande einingsleiar. Som einingsleiar vil du jobbe tett saman med assisterande einingsleiar og samarbeide med dei andre to gastrokirurgiske sengepostene i avdelinga. Alle tre sengepostar har felles mål og plan for utvikling av helsetenesta. Vi har eit godt arbeidsmiljø som vi er stolt over. Arbeidstid er i hovudsak dagarbeid med arbeidstid 07.00-15.00. Kirurgisk klinikk, post 3, er ein av fem sengepostar i kirurgisk klinikk. I vår klinikk samarbeider einingsleiarar tett og har felles mål og plan for utvikling av pleietenesta. Vi ønsker derfor at du som søkar er initiativrik, engasjert og har eit ønske om å utvikle eigen avdeling i tillegg til å aktivt delta i utviklinga av Kirurgisk klinikk. Arbeidsoppgåver Personal- og økonomiansvar for eininga og rapportere til avdelingssjef Vere ein del av leiargruppa i avdelinga og klinikken si einingsleiargruppe Ansvar for at drifta ved eininga er forsvarleg, effektiv og innanfor avtalte rammer Vere i tett dialog med andre faggrupper og andre einingar for å sikre optimal pasientflyt og samhandling Stimulere til eit godt og utviklande arbeidsmiljø Koordinere sengeposten si daglege drift i tett samarbeid med assisterande einingsleiar og leiarar ved andre sengeposter i Kirurgisk klinikk Ansvarleg for rekruttering av nye medarbeidarar Sørge for framtidsretta og god sjukepleiefagleg utvikling for dei tilsette og studentar Ha ansvar for bemanningsplanlegging, samt at turnus /arbeidsplanar oppfyller økonomiske, driftsmessige og personalpolitiske krav Samarbeid med førstelinjetjeneste, høgskoler og andre avdelingar på sjukehuset Kvalifikasjonar Søkar bør ha leiarerfaring og/ eller leiarutdanning/ønske om leiarutdanning Erfaring med personalansvar Kunnskap og erfaring om arbeidsplan er nødvendig Fordel med kjennskap til fagområdet Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar Kjennskap til lov og avtaleverk Må meistre norsk skriftleg og munleg Personlege eigenskapar Du er målbevisst, løysingsorientert og sjølvstendig Du likar å arbeide med organisering, logistikk og administrasjon Du er pasientorientert og ansvarsbevisst Du har gode samarbeidsevner og evner å motivere medarbeiarane Du har gode kommunikasjonsevner Du har fokus på arbeidsmiljø, kvalitet og fornuftig ressursbruk innanfor gitte rammer Du må være positiv, like samhandel med andre menneskjer, være initiativrik og ha godt humør Du må evne å delegere og følgje opp dei du delegerar til Vi tilbyr Leiinga i avdelinga har årleg samling med fokus på mål og oppfølging av strategi Dei tilsette i avdelinga består av legar, merkantilt personell, sjukepleiarar, helsefagarbeidere, hjelpepleiere og studentar med jamt over høg kompetanse Personalet i eininga er aktive, har godt humør og er løysingsorienterte Moglegheit for etterutdanning innan intern og ekstern leiarutdanning i føretaket Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonThomas Geisner, Avdelingssjef, 95217532, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5179683209 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.