About this role
Vi lyser no ut forskar II-stilling knytta til forskingsaktiviteten innan protonterapi. Vi søker etter ein forskar med akademisk tilknyting og relevant forskingskompetanse innan protonterapi, som kan ha ei bistilling ved sjukehuset for å bidra til og vidareutvikle forskingsaktiviteten innan protonterapi. Stillinga lysast ut frå Kreftklinikken ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, som er ein sentral aktør i nasjonal kreftbehandling og -forsking. Klinikken har lang erfaring med gjennomføring av kliniske studiar og deltar aktivt i utviklinga av nye behandlingsmetodar i samarbeid med Universitetet i Bergen og nasjonale og internasjonale partnarar. Arbeidsoppgåver Vi ønsker ein person som kan vere ein aktiv del av forskingsmiljøet ved Kreftklinikken og ha ei fast tilknyting til Protonbygget. Aktivitetane i stillinga vil kunne innebere fagleg utvikling, rettleiing, forskingsaktivitetar innan protonterapi og internt og eksternt samarbeid Stillinga gir rom for fleksibilitet, og arbeidsoppgåvene vil tilpassast kandidatens kompetanse og behov knytta til eksisterande stilling Oppstart og lønn etter avtale. Kvalifikasjonar Akademisk stilling innan medisinsk fysikk ved utdanningsinstitusjon Dokumentert forskingskompetanse innan protonterapi Kompetanse innan strålebiologi, dosimetri, programmering og modellering er ønskeleg Erfaring med programvare for doseplanlegging er ønskeleg Ferdigheiter i programmering og bruk av statistikkverktøy Dokumentert god publiseringserfaring Rettleiingserfaring Breitt internasjonalt nettverk innan protonterapiforsking Personlege eigenskapar Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg Stor interesse og motivasjon for forsking Strukturert og sjølvstendig God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne Bidrar til eit godt samarbeidsmiljø Vi tilbyr Moglegheiter for samarbeid med veletablerte nasjonale og internasjonale grupper innan stråleterapi og protonterapi Lønn etter gjeldande satsar Pensjonsordning i KLP Velferdsordningar og rabattar som gjeld alle tilsette Søknad må innehalde Søknadsbrev Curriculum Vitae Publikasjonsliste Navn og kontaktinformasjon til referansar (namn, relasjon til søkar, e-post og telefonnummer) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonEinar Waldeland, Seksjonsleiar, 90825553 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5182143162 Stillingsprosent: 10% Fast Søknadsfrist: 22.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.