Now hiring

Jordmor @ HELSE BERGEN HF VOSS SJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Yn skjer du jobb som jordmor på vakre Voss Vi har ledig ein 100% stilling og kan tilby langvakter og/eller pendlarvennleg turnus for dei som ynskjer det. For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som jordmor. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Om avdelinga Føde- og barselavdelinga har 6 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg rundt 400 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan gå føre seg så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ynskje og behov. Vi har akuttberedskap med tilgjengelig gynekolog og operasjonsteam gjennom heile døgnet. Våre fødande er tilvist oss etter seleksjonskriterier vi har i samarbeid med Kvinneklinikken i Bergen. Om Voss Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo Arbeidsoppgåver Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner Rettleiing av jordmorstudentar/sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som jordmor Relevant sjukehuserfaring Må meistre norsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du må kunne arbeide 3-delt turnus Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø og kompetente medarbeidarar Rotasjonsstilling til kvinneklikken i Bergen kan tilbys Lågare stillingsstorleik kan tilbys Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHege Aldal Indrebø, Seksjonsleiar, 92429062 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Voss Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5180528115 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores