About this role
Vi har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut i fysio- og ergoterapitenesta. Tiltreding er etter avtale. Om eininga/avdelinga Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av eining Helse i Aukra kommune. Vi har kontorplass på Helsesenteret på Falkhytten, men mange av oppgåvene blir utført ute i kommunen, mellom anna i heimen, på institusjon, på helsestasjon, i barnehage og på skule. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med fagleg breidde. Arbeidsoppgåver Førebyggande og helsefremjande arbeid Kartlegging, behandling og oppfølging av barn, unge, vaksne og eldre Habilitering og rehabilitering, inkludert oppfølging i heimen Kvardagsrehabilitering i samarbeid med ergoterapeut og heimetenesta Trenings- og behandlingsgrupper Tverrfagleg samarbeid, koordinering og/eller deltaking i ansvarsgrupper Fag- og tenesteutvikling Arbeidsoppgåvene kan bli endra etter kommunen sine behov. Kvalifikasjonar Vi søkjer fysioterapeut/spesialfysioterapeut som er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til vidare utvikling av tenesta. Vi søker deg som: Har norsk autorisasjon som fysioterapeut Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå kommunehelsetenesta og/eller rehabilitering Har fokus på kvalitet i tenesta Kan arbeide sjølvstendig og strukturert Er fleksibel, løysingsorientert og trivst med varierte arbeidsoppgåver Har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Har god digital kompetanse Har førarkort klasse B Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi tilbyr Ein variert arbeidskvardag med fagleg breidde Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer Moglegheiter for fagleg utvikling og medverknad Gode pensjons- og forsikringsordningar Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter tariff Særskilte krav Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader. Søkarliste Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje. Søknad Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad». Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3750 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har om lag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i tre nivå: kommunedirektør, fire kommunalsjefar som leiar kvar sin sektor med totalt 14 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar. Våre verdiar er "Attraktiv - Uredd - Kvalitet - Raus - Arbeidsglede. Vi legg stor vekt på meistringsorientert og myndiggjerande leiing