Now hiring

Bustadkonsulent 100% fast stilling @ NAV VOSS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om arbeidsstaden Stillinga vil vera organisert under Nav Voss, men arbeidsstaden vil vera på Bustadkontoret. Bustadkonsulent arbeider med å skaffe dei svakare stilte i heradet eigen bustad, hjelp til å behalda bustad, meistra eigen busituasjon og å finna sin stad i heimemiljøet. Bustadkonsulenten forvaltar dei ordinære kommunale utleigebustadane, omsorgsbustadane og bustadar for flyktningar. Konsulenten har ansvar for saksbehandling av søknader om kommunale bustadar og bustadoppfylging. Konsulenten arbeidar tett saman med andre kommunale avdelingar. Arbeidsoppgåver Forvaltningsoppgåver knytt til utleige av kommunale bustadar. Råd og rettleiing i forhald til bustadsosialt arbeid i eit tverrfagleg samarbeid. Sakshandsaming, rapportering og oppfylging av saker. Ordinær sakshandsaming etter forvaltningslova og bustadsosiallova. Du må rekna med noko bruk av eigen bil. Me søkjer 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant universitets- eller høgskuleutdanning. Kjennskap til relevant lovverk. Erfaring frå sakshandsaming. Gode datakunnskapar. Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg. Gode samarbeidsevner og samtidig jobbe effektivt sjølvstendig. Personleg eigenskapar vil verta vektlagt. Du må ha førarkort klasse B. Personleg eigenskapar Må trivast med å arbeide med menneske. Evne til å arbeida sjølvstendig og i team. Tilpassingsdyktig, strukturert, systematisk og empatisk. Ansvarsbevisst, må kunne levere resultat og oversikt over eige virke. Me tilbyr Gode vilkår for fagleg utvikling. Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Tilsetjing snarast. Søknad Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores