Now hiring

Matros i 2:2 turnus @ FJORD1 AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har no ledig stilling som matros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84-timars arbeidsavtale. Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand, då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad. Ønskeleg med oppstart snarest. Arbeidsoppgåver Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Alterneringsplikt mellom dekk og maskin Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna Oppgåver knytt til alarminstruks Verne- og miljøarbeid Kundehandsaming Kvalifikasjonar Ferdigheitssertifikat matros Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper, muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst. Vi tilbyr Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av. Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til og frå arbeid over 15 km. Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] Arbeidssted 5035 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5182036028 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores