Now hiring

Vil du bli vår nye matros? @ FJORD1 AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

FJord1 har ledig stilling som matros i sambandet Lavik-Oppedal. Arbeidsordning er 2 veker på jobb og 2 veker fri, og du bur ombord i arbeidsperiode. Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer. Reise til/frå jobb blir dekka. Oppstart etter avtale. Arbeidsoppgåver Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Alterneringsplikt mellom dekk og maskin Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna Oppgåver knytt til alarminstruks Verne- og miljøarbeid Kundehandsaming Kvalifikasjonar Ferdighetssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerhetsopplæring Krise- og passasjerhandtering MES opplæring Gyldig helseerklæring FJord1 dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for aktuell kandidat Personlege eigenskapar Vi ser etter en pålitelig og engasjert matros som trivast med variert arbeid om bord. Du må vere serviceinnstilt, ha gode samarbeidsevner og bidra til trygg og effektiv drift. Hvis du er praktisk anlagt, fleksibel og har stå-på-vilje, vil vi gjerne ha deg med på laget! Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund Turnus: 2 veker arbeid og 2 veker fri. Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar KontaktinformasjonSigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, [email protected] Arbeidsstad 6947 Lavik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5182162396 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores