Now hiring

Sjukepleiar @ MASFJORDEN KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Masfjorden kommune søkjer ein sjukepleiar med arbeidsstad ved Masfjorden bu- og aktivitetssenter. Stillinga er ei 100 % mellombels stilling med snarast mogleg oppstart og varigheit til 30.09.2027. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet. Har du utdanning og interesse for miljøarbeid? Kan du tenkje deg å arbeide i vårt bu- og aktivitetssenter på Hosteland? Her har me godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Me har ledig 100 % mellombels stilling som sjukepleiar med tiltreding 01.09.2026, eller snarast mogleg. Stillinga varer til og med 30.09.2027. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing etter vikariatet. Stillinga medfører turnusarbeid med dag og kveldsarbeid. I dag har me turnus med langvakter på inntil 14 timar, og gode friperiodar mellom arbeidsøktene. Stillinga består av både langvakter i arbeid med tenestemottakar og arbeidsdagar med administrativt arbeid knytta til sjukepleiaransvaret. Arbeid kvar fjerde eller sjette helg, avhengig av turnusbehov. Arbeidsoppgåver Gje tilrettelagde tenester til brukarane i samsvar med vedtak og plan for den enkelte Ansvarleg for medisinsk oppfylging i samråd med heimetenesta og fastlege/spesialisthelsetenesta Delta i arbeidsretta tiltak Planlegge og gjennomføre felles aktivitetar Tverrfagleg samarbeid med ergoterapeut, fysioterapeut, fastlege, heimetenesta mfl. Kvalifikasjonskrav sjukepleiar Autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå arbeid med funksjons- og utviklingshemma ynskjeleg Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B2 Førarkort klasse B Personlege eigenskaper vil bli vektlagte. Menn vert oppfordra til å søkje. Krav til personlege eigenskapar: Du har gode evner til kommunikasjon, samarbeid og teamarbeid Du er sjølvstendig i arbeidet Du er fleksibel i forhold til oppgåveløysing, og kan tilpasse deg ulike abeidsoppgåver Du er tolmodig, ansvarsfull, tydeleg og strukturert Du viser initiativ til å skape ein innhaldsrik og aktiv kvardag for brukarane Me tilbyr Løn etter tariff. 10 000,- i turnustillegg for tilsette med høgskuleutdanning 50,- kroner ekstra pr. time i helgetillegg Tillegg på 500 kr pr langvakt lørdag og søndag over 12.5 timer God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring Spennande fagleg arbeid som utfordrar og utviklar Eit godt arbeidsmiljø med mykje moro Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her Politiattest Den som vert tilsett må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3. månader. Om arbeidsgiveren: Masfjorden bu- og aktivitetssenter ligg på Hosteland. Her har me 10 godt tilrettelagte bueiningar, eigen aktivitetsavdeling og gode personalfunksjonar. Masfjorden kommune har fokus på løysingar som gjev brukarane mest mogeleg styring over eige liv, og satsar difor aktivt på velferdsteknologi. Saman med oss er du med i fronten av utviklinga.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores