About this role
Om stillinga Masfjorden kommune søker etter reinhaldar i mellombels 80% stilling, med arbeidsstad for tida knytt til Matre reinhaldsområde. Periode: Snarast - 31.12.2026, med mogleg forlenging. Matre reinhaldsområde består av Matre skule, Indre Masfjorden barnehage, heimetenestekontoret og bassenget. Tilsetjing kan verte gjort fortløpande. Arbeidsoppgåver Reinhald av aktuelle bygg i Matre reinhaldsområde Arbeidstid: Dagarbeid i vekedagar Krav til stillinga Det er ynskjeleg at du har fagbrev som reinhaldsoperatør, men det er ikkje eit krav Erfaring frå reinhaldsoppgåver Arbeidsam og fleksibel Evne til å samarbeide og å finne gode løysingar Positiv og serviceinnstilt Du forstår og kan gjere deg forstått på norsk Me kan tilby Varierte og interessante arbeidsoppgåver Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø Oppdatert utstyr og hjelpemiddel i arbeidet Løn i samsvar med avtaleverket Om arbeidsgiveren: Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.