Now hiring

Ønskjer du å bidra på eit viktig samfunnsområde? @ ARBEIDS- OG VELFERDSDIREKTORATET AVD MØLLENDALSVEIEN 8 BERGEN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nav Bergen Sentrum søkjer engasjerte tilsette til sakshandsaming på fagområdet arbeidsavklaringspengar. Du blir ein del av ei avdeling med 15 tilsette, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandssaming av søknader om arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen. Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvatnet, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn. Kva går jobben ut på? sakshandsame i Nav sine fagsystem etter gjeldande lovverk kartleggje ressursar og moglegheiter hos den enkelte brukar kontakt med samarbeidspartnarar delta i utviklingsarbeid ved behov andre oppgåver kan bli lagde til stillingane Nav er i stadig utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk Det er ønskjeleg at du har erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd erfaring frå arbeid med menneske og rettleiing erfaring med å bruke digitale verktøy avdelingen har også klagebehandling for regionen der det kan være nyttig å ha juridisk kompetanse Kva ser vi etter hos deg kan handtere ein variert og hektisk arbeidskvardag har god arbeidskapasitet og evne til å handsame eit stort ansvarsområde er sjølvstendig, effektiv og arbeider grundig og systematisk er omstillingsdyktig og handterar nye arbeidsoppgåver Trives med å jobbe i team Kvifor velje oss? meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig arbeidsområde eit fagmiljø som er oppteke av tenesteutvikling og ambisiøse mål fleksitidsordning med moglegheit for hybrid arbeidskvardag og ein time trening i arbeidstida løn i stillingskode 1434 rådgjevar i lønsspenn frå kr. 639 000 til kr. 670 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast. god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgivar KontaktinformasjonSiv Jorunn Krakk Aga, Avdelingsleiar, 934 01 494 ArbeidsstedMøllendalsveien 8 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5174050174 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 01.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores