About this role
Vi søker no etter ein dekkssjef på sambandet Arsvågen–Mortavika. Turnus er 2 veker på og 2 veker av, noko som gir deg lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Under arbeidsperioden bur du om bord, og rederiet dekker reise til og frå arbeidsperioden. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs. Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift Vere avløysar for skipsførar Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet Kvalifikasjonar Minimum D2-sertifikat GMDSS/ROC sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling Ferdighetssertifikat videregående IGF Krise-og passasjerhandtering Gyldig helseattest Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Sjøvakt: 2 veker på, 2 veker av. Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode. Treningsrom om bord i fartøyet. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] ArbeidsstedE39 4150 Rennesøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5182985247 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.