Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

HjelsetOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein positiv, engasjert og fagleg nysgjerrig sjukepleiar? Då kan du vere den vi leitar etter!Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til to 100 % vikariat ved vår ortopediske og ortogeriatriske sengepost ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Tilsetjing snarast eller etter avtale. Tilsetjing kan skje fortløpande.Ortopedisk og ortogeriatrisk sengepost er ein del av det nye akuttsjukehuset på Hjelset. Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag med oppfølging av pasientar med brotskadar, fallrelaterte skadar og andre ortopediske problemstillingar, både akutte og planlagde. Du blir ein del av eit tverrfagleg team som kombinerer ortopedisk og geriatrisk kompetanse for å sikre trygg, kunnskapsbasert og heilskapleg behandling gjennom heile pasientforløpet. Seksjonen har særleg fokus på tidleg mobilisering, førebygging av komplikasjonar, god funksjonsattvinning og pasienttryggleik. Vi arbeider kontinuerleg med fagutvikling, forbetringsarbeid og samarbeid på tvers av profesjonar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og gode moglegheiter for fagleg utvikling.Stillingane inngår i tredelt turnus. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle gode og berekraftige turnusordningar, og det er moglegheit for langvakter. Dersom du ønskjer redusert stillingsstorleik, ber vi om at dette blir oppgjeve i søknaden. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsstorleikar bli ledigeVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores