About this role
BUA Ulstein søkjer tilkallingsvikarar til vår utlånssentral for sports- og friluftsutstyr.Om BUA Ulstein UtlånssentralBUA (Barn-Unge-Aktivitet) er ei gratis utlånsordning for sports- og friluftsutstyr, med særleg fokus på barn og unge. Målet er å gi fleire moglegheit til å vere fysisk aktive og prøve nye aktivitetar utan at dei må kjøpe dyrt utstyr. Gjennom BUA kan ein låne utstyr til alle årstider, heilt gratis.BUA Ulstein held til i Ulsteinvik og har ope to ettermiddagar i veka, måndag og torsdag. Vi har no behov for fleire tilkallingsvikarar som kan stille opp ved behov.