About this role
Vi søker ein engasjert og framtidsretta bibliotektilsett i ei mellombels prosjektstilling på 1 år. Stillinga er ei styrking av bemanninga ved biblioteket i samband med eit utviklingsprosjekt, der målet er å vidareutvikle samarbeidet mellom folkebiblioteket og skulebiblioteka. Slik vil vi bidra til at fleire barn og unge får lyst til å lese, lære og utforske verda gjennom litteratur.Stillinga er ei prosjektstilling på 100% (1 år) med moglegheit for forlenging dersom prosjektet blir vidareført.Du blir ein del av bibliotekteamet og arbeider i tett samarbeid med kollegaer ved biblioteket, i tillegg til kontakt med elevar, lærarar og skuleleiing. Berre interne søkjarar vert vurdert.