Now hiring

Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye kollega?Vi søkar deg som har lyst til å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Hjå oss får du spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Er du motivert for å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar? Trivast du i ein kvardag som kan vere både hektisk og variert, der du får jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollega – og der god pasientbehandling alltid står i sentrum? Då er du den vi ser etter. Då er er du velkomen til å søke!Vi har ledig følgjande stillingar med p.t turnus dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent og stillingstype verte ledig. Oppgi gjerne i søknaden kva stilling som er aktuell for deg. 80% fast stilling frå 14.09.26 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar 50% vikariat frå 16.11.2026 - 11.10.2027 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar 66% vikariat frå 05.10.2026 - 11.05.2027 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar, p.t natt-turnus og arbeid kvar tredje helg.100% vikariat frå snarast - 29.06.2027 for barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar, eventuelt med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus. Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund. Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for augeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Eininga gir eit tilbod for barn og ungdom i heile Møre og Romsdal fylke. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med ulike psykiske lidingar og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Vi er godkjent for tvungen psykisk helsehjelp. Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er grunnpilaren i tilbodet vårt. Vi legg stor vekt på samarbeid med foreldre og/eller andre pårørande, og det er ei forventing at dei er tilstades og deltek under innlegginga. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores