About this role
Vi søkjer ein fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg medarbeidar som kan arbeide som tilkallingsvikar ved behov. Det kan i periodar vere aktuelt å tilby enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, men stillinga gir ikkje rett til fast arbeid eller fast turnus.Stillinga kan vere særleg aktuell for sjukepleiarstudentar (1. året), eller andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta.Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavvikling sommaren 2027.Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg.Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!