About this role
Fjord1 har no ledig stilling som matros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og 84-timars arbeidsavtale.Som matros i ressursgruppa vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand, då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.Ønskeleg med oppstart snarest.