Now hiring

2.maskinist i 2:4 turnus @ Fjord1 - Maritim Drift

RennesøyOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har oppretta opplæringsstilling som 2. maskinist på sambandet Arsvågen – Mortavika.Dette er ei unik moglegheit for deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef og ønskjer ei langsiktig karriere hos oss. Du blir tilsett som 2. maskinist og får tett oppfølging og rettleiing frå erfarne kollegaer. Når den forventa kompetansen er oppnådd, vil du kunne tre inn i ledige stillingar som 1. maskinist – med mål om å utvikle deg vidare til maskinsjef. Turnusordninga er 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noe som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt av Fjord1. Dette sambandet er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet – her er det alltid aktivitet, og du får ein jobb der dagane går fort og utfordringane er spennande. I denne stillinga må ein rekne med å tjenestegjere på alle fartøya i sambanda, per i dag MF Boknafjord, MF Stavangerfjord, MF Mastrafjord, MF Raunefjord og MF Bergensfjord. Du vil også inngå i ei alterneringsordning mellom teneste i maskin- og dekksavdelinga.Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores