About this role
Ønskjer du å vere med og skape meiningsfulle dagar for eldre og personar med hjelpebehov? Vi søkjer ein engasjert og positiv helsefagarbeidar til vårt dagsenter for eldre. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til dagsenterdrift på kvardagar, med arbeidshelg i heimetenesta. Dagsenteret er eit viktig tilbod som skal bidra til aktivitet, meistring, sosial deltaking og gode opplevingar for brukarane våre. Vi ser etter deg som trivst med å skape aktivitet, byggje relasjonar og bidra til eit inkluderande miljø.Stillinga inngår i turnusordning og omfattar for tida arbeid på dag og kveld, og arbeid kvar 3. helg. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.