Now hiring

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du sjukepleiaren som vil gjere ein forskjell for pasientar med nyresjukdom?Dialyseavdelinga ved Ålesund sjukehus har ledig 100 % fast stilling, og vi ønskjer å styrkje vårt dyktige fagmiljø med ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar.Hos oss får du arbeide tett med pasientar med både kronisk og akutt nyresjukdom i eit spesialisert fagfelt der relasjonsbygging, fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Vi er stolte av å ha eit sterkt fagmiljø med pasienten i sentrum, og vi legg til rette for opplæring og kompetanseutvikling.Dialyseavdelinga i Ålesund tilbyr behandling og oppfølging til pasientar med nyresjukdom. I tilknyting til avdelinga finn du:PeritonealdialyseeiningSatellittdialysestasjon ved Volda sjukehusNyrepoliklinikkNyreskuleVi er ei dagavdeling som for tida har drift seks dagar i veka, frå måndag til laurdag. Stillinga inneber for tida:Arbeid kvar tredje helgOpptil 2 kveldsvakter i vekaTelefonberedskap/heimevakt etter oppsett turnusKvifor velje oss?Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi best mogleg behandling og oppfølging til pasientane våre. Du får varierte arbeidsdagar, spennande faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling innan nyresjukepleie.Interne omrokkeringar kan også føre til andre ledige stillingar eller vikariat.Vi håpar nettopp du vil bli ein del av vårt flotte dialyseteam!Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt.Vi ber om at attestar og vitnemål blir skanna og lasta opp som vedlegg til søknaden/CV-en din.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores