About this role
Vi har ledig 100% vikariat som audiopedagog ved høyresentralen, klinikk hovud-hals, Haukeland universitetssjukehus. Lågare stilling kan Vi er opne for å tilby ein redusert stilling, t.d 50% til riktig kandidat???? Høyresentralen på Haukeland er del av ØNH avdelinga, og har for øyeblikket 12 audiografar og 2 audiopedagogar. Audiopedagog ved avdelinga vil arbeide sjølvstendig og i team med ØNH-legar, audiografar, sjukepleiarar og merkantile. Vi har ein svært variert pasientgruppe med alt frå nyfødde til personar over 100år, og audiopedagog vil få anledning til å jobbe med alle alderdsgrupper. Arbeidsoppgåvene blir utført på ØNH barnepoliklinikk i nye lokale i Glasblokkene, og på høyresentralen i Sentralblokka. Desse to bygga ligg tett på kvarandreå Haukelandsområdet. Arbeidsoppgåver Delta i utredning, diagnostisering og oppfølging av høyrselstap hos barn Utgreiing og oppfølging av vaksne pasientar som blir vurdert for, eller har cochleaimplantat Utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar med APD, tinnitus, hyperacusis og misofoni Arrangere kurs, mellom anna på LMS (lærings-og meistringssenteret) Rådgiving og rettleiing til personar med nedsett høyrsel og høyrselsrelaterte utfordringar. Rådgiving og rettleiing til foreldre og pårørande Utføre leike-audiometri/VRA på barn i alderen 0-6 år saman med audiograf Kvalifikasjonar Mastergrad i spesialpedagogikk, fortrinnsvis fordjuping i audiologi Relevant erfaring innanfor høyrselsområdet kan vege opp for utdanningskrav Erfaring med tinnitus, hyperacusis og misofoni er ein fordel Kjennskap til/erfaring med CI (cochlea implantat) Erfaring med barn med nedsett høyrsel Erfaring med rettleiingsarbeid Gode norskkunnskapar Engelsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Fagleg engasjement og motivasjon – du ønsker å utvikle deg som pedagog Pasientfokus – møter kvar enkelt pasient med respekt, empati og god kommunikasjon Sterke samarbeidsevne – lyttar, formidlar og samarbeider godt med både kollegaer og pasientar Kommunikasjon - Du har gode formidlingsevner, og tar ordet i møte og diskusjonar Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Ein arbeidsplass i stor utvikling, der mange yrkesgrupper samarbeider Høgt fagleg nivå Moglegheit til å bygge erfaring innanfor høyrselsrelaterte utfordringar Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Gode pensjonsvillkår Lønn etter gjeldande avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonThomas Evenstad, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5176130897 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 30.07.2027 Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.