Now hiring

Saksbehandlar/Reiseplanleggar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ADM/STØTTEFUNKSJONER - ÅLESUND

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell for pasientar i Møre og Romsdal? Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledige stillingar. Ei 100% fast stilling, samt eit 100% vikariat, som saksbehandlar/reiseplanleggar. Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe i eit inkluderande fellesskap. Du vil få ei viktig rolle i å planlegge og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg. Interne omrokkering kan gje andre ledige stillingar. Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling. Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester ! Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver Saksbehandling og rettleiing i tråd med pasientreiseforskrifta Brukarstøtte og opplæring i system og regelverk Reiseplanlegging og koordinering av transport Oppfølging av transportørar og rekvirentar Aktiv deltaking i forbetringsarbeid og utvikling av seksjonen Kvalifikasjonar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg God digital kompetanse og erfaring med kontorstøtteverktøy Erfaring frå saksbehandling, kundeservice eller logistikk er ein fordel Fullført vidaregåande utdanning Personlege eigenskapar Serviceinnstilt, samarbeidsorientert og sjølvgåande Strukturert og ansvarsbevisst God evne til å meistre stress og krevjande situasjonar Trivst med relasjonsbygging og samarbeid Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonEsben Magnell, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5174032501 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 01.01.2028 Søknadsfrist: 27.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores