Now hiring

Sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ADM/STØTTEFUNKSJONER - ÅLESUND

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar, kvar dag? Sengepost nevrologi har no ledig ei fast stilling i 74%. Her blir du ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Trivst du å jobbe pasientretta; i team eller sjølvstendig? Er du fleksibel og positiv? Ikke nøl med å søke. Vi søker deg som er positiv, framoverlent, arbeidsom og nysgjerrig. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver, gode kollegaer, og kanskje også venner for livet? Er du interessert eller har spørsmål om seksjonen; ta kontakt då vel! Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingsstørrelser bli ledige. Arbeidsoppgåver Sjukepleie til den nevrologiske pasienten Stell og pleie Tverrfagleg samarbeid Bygge kompetanse og fag Rettleiing av sjukepleierstudentar Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten News- målinger Observasjon Dokumentasjon Kvalifikasjonar Norsk autorisasjons som sjukepleiar Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitknemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonMonika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5149350864 Stillingsprosent: 74% Fast Startdato: 17.08.2026 Søknadsfrist: 13.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores