Now hiring

Miljøterapeut eller fagarbeidar - nattevaktstilling @ Gloppen kommune

SandaneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta?Vi har ledig fast stilling i 100 % (10% av dette er frie timar) på natt i Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka). Vi kan vurdere tilsetting i lågare stillingsgrad dersom det er ynskje. På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to eller tre andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.Miljøarbeidertenesta yter tenester til om lag 65 personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Vi er om lag 82 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg solide tenester. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus på dagtid gjennom året. Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.Tiltreding: 01.11.26 eller etter avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores