About this role
Fjord1 har ledig stilling som skipsfører i sambandet Sæbø - Leknes, p.t. MF GeirangerDu går i ein 12/9-turnus (lang veke/kort veke) med døgnvakter, der du arbeider 24 timar på og har 24 timar fri. Ordninga med to veker på jobb og éi veke fri gir gode friperiodar og ei heil frihelg i kvar turnus, noko som legg godt til rette for familieliv og fritidsaktivitetar.Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle for å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. Søkjar bør bu lokalt. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!