About this role
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Stranda-Liabygda, p.t. trafikkert av vår nybygde EL-ferje MF Sunnylvsfjord.Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.Attraktiv turnusordning med døgnvakter. Du arbeider i ein 2:2-turnus med to veker på og to veker fri. I arbeidsperioden har du fri annakvart døgn, noko som gir gode moglegheiter for kvile og fritid også når du er på jobb. Dette gir ein særs god balanse mellom arbeid og fritid, med lange samanhengande friperiodar.Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande!